Til Hovedsiden
 
 Meny:  
- for deg som leser mer enn du klikker -
 Startsiden


 Ny viten

 Tema:
 Sopp
 Norge
 Hukommelse
 Mennesker & dyr
 Katastrofer
 Stein
 Tverrfaglighet


 Redaksjonen
 Kontakt oss
 viten.com
 Arkiv


  Ny viten:
Eliten og det eksotiske - eksterne relasjonar i nordisk bronsealder

Han som såg Djupet, jordens grund,
Han erfor allt, förstod allt.
Gilgamesh, som såg Djupet, jordens grund,
han erfor allt, förstod allt.
Han utforskade världens fyra hörn.
Han fick fulländad kunskap om allt som finns.
Han skådade hemligheten, uppenbarada det dolda.


Slik byrjar det storslagne eposet om Gilgamesh, skrive ned for omlag 3500 år sidan i Midtausten. Gilgamesh såg Djupet, han utforska og fekk innsikt i sjølve livsmysteriet. Kunnskap og røynsle står såleis sentralt i denne teksten som reflekterar eit ideal blant det sosiale toppsjiktet i det tidlegaste urbane miljø. Om Gilgamesh var ein idealtype på ein maktperson, så var det hans personlege bedrifter, og kunnskapen oppnådd gjennom desse, som var det ideologiske maktgrunnlaget. Å søkje kunnskap og å gjere storslegne dådar var såleis eit eliteideal - ein livsførsel som kunne legitimere makt og ujamn fordeling av goder. Etnografiske døme frå mange før-industrielle samfunn indikerar at dette er nærast eit universelt ideologisk prinsipp. Kva som er verdsett som store gjerningar og kva som er relevant kunnskap varier nok i ulike samfunnskontekstar. Å ha sett Djupet, med andre ord å ha innsikt i sentrale gåter ved livet og verda, er nok i stor grad verdsett overalt til alle tider. Mykje tyder også på at det geografiske aspektet av kunnskapen er eit viktig trekk ved elitistisk livsførsle i mange før-industrielle samfunn – nettopp fordi verdas overflate er ein del av Djupet, ho er uutforska og såleis eit aspekt ved livsmysteriet. Kanskje er det først i vår eiga tid at verdas overflate er i ferd med å verte avmystifisert, fyrst og fremst gjennom reise- og mediaindustrien. Ein skal ikkje så langt tilbake i tid før drakar og sjøormar på sjøkart indikerte irrasjonelle førestellingar knytt til utkanten av den kjende verdsflata.

Eit av dei store tema i arkeologisk forsking er framveksten av sosial stratifikasjon – etableringa av eit øvre sosialt sjikt med ein reell- og ideologisk maktbasis. I Europa har bronsealderen (2300-800 f.Kr.) vore kalla aristokratane sin tidsalder, og det sentrale temaet i studiet av perioden er nettopp framveksten av sosial lagdeling. Kva ligg til grunn for dette synet? Kva skil bronsealderen i Europa frå føregåande periodar? I all hovudsak er dette grunna i kompleksiteten-, og ikkje minst det individuelle aspektet ved gravene og rituala rundt dei døde. Med introduksjonen av metallet ser ein samstundes at einskilde individ etter døden vert verdsette med arbeidskrevjande gravstrukturar og store materielle verdiar. Det er med andre ord eit sterkare fokus på individet. I tillegg talar den storstilte produksjonen-, distribusjonen- og rituelle deponeringa av bronse for at det har danna seg eit øvre sosialt sjikt som står bak metallaktiviteten. Kanskje særskilt sidan bronsen berre i liten grad vart nytta til arbeidsreiskapar – heller til våpen, smykker og rituelle rekvisita.

Ein vesentleg skilnad mellom bronsealderen og periodane før og etter (steinalderen og jernalderen) er innlysande, men kanskje likevel undervurdert eller misforstått: bronse, eit materiale der ingrediensane (kopar og tinn) kom frå nokre få, geografisk spreidde førekomstar, vart distribuert, og inkorporert i lokale kulturelle nett av meining, i så og seie alle hjørne av den gamle verda. Bronsen som arkeologisk data er såleis berre ei fattig spegling av mengda av nettverk og menneskelege relasjonar som strekte seg over enorme avstandar. Var metallet det einaste som vart utveksla i desse relasjonane? Det materielle utrykket, særskilt innanfor den religiøse og rituelle sfæra vart og einsarta over større område, noko som tydar på at relasjonane òg involverte spreiing av nytt tankegods.

Skandinavia
I Skandinavia set ein byrjinga av bronsealderen til omlag 1700 f.Kr. Bronse hadde då allereie i nokre århundre nådd Skandinavia i mindre mengder frå Uneticekulturen i Sentral Europa. Omkring 1600 f.Kr. endrar funnbiletet seg: mengda av importert bronse aukar, og no finn ein dessutan metallet nedlagt saman med den døde i gravene. Både analyser av metallet og gjenstandstypane viser at kontakten no gjekk lenger aust, til det nye europeiske tyngdepunktet i Karpatane i Slovakia, Ungarn og Romania. Sverd støypte i dei karpatiske kultursentra finn no vegen heilt til Skandinavia. Gode parallellar manglar faktisk i området imellom, i Tyskland og Polen. Ei ”soltromme” i bronse frå Balkåkra i Skåne har sitt einaste, men identiske, sidestykke frå Hasfalva i Ungarn. Desse og andre funn indikerer at kontakten mellom skandinaviske og karpatiske elitegrupper var meir direkte, og at nordbuarane padla båtane sine opp langs elva Oder, djupt inn i Sentral-Europa. Kva samfunn møtte dei her? Kva ideologiske og religiøse førestellingar møtte dei på desse reisene? For å nærme seg eit svar må ein heve det geografiske perspektivet. Den karpatiske eliten hadde vidtfamnande kontaktar: til dei tidlege mykenarane i sør, til trojanarane og hetittane i søraust og til hestefolka på steppelandet i aust. Det nordiske krumsverdet set ei rekkje spørsmål på spissen. Sju slike krumsverd i bronse er funne i Danmark og Sverige. Desse er produserte lokalt, og liknande sverd er ikkje kjende frå resten av Europa. Anatolske kongar derimot, i Troja og i den hetittiske hovudstaden Bogazköy, brukte sverd i slirer med krumme endestykke av bronse. Reint visuelt er desse slåande like dei nordiske krumsverda. Det er såleis mogleg at kunnskap om symbolverda i Midt-Austen nådde Skandinavia via Karpatane.

Eit større bilete
Det er i denne samanheng interessant å sjå nærare på tilhøvet mellom den karpatiske eliten og kulturane i Anatolia i det aktuelle tidsrommet. Temaet er komplisert og er vanskeleg å drøfte utan å dra inn heile området rundt Svartehavet. Dessuten ser ein klåre teikn til endringar på det greske fastlandet, der ein i ei rekkje rike graver skimtar den fyrste europeiske høgkulturen – den mykenske. Eit enormt område, frå Karpatane og Hellas i vest til Ural og Kaspihavet i aust, og Anatolia i sør, ser no brått ut til å fungere som ei integrert sone med direkte kontakt mellom ytterpunkta. Ein del gjenstandar i dei tidlege mykenske gravene har sine beste parallellar i Volga-Ural området, andre finn sine motstykke i Anatolia og Kaukasus. Sjølv om debatten på dette temaet blomstrar, er forståinga av desse fenomena framleis dårleg. Kontaktmaterialet dreiar rundt våpen, hesteutstyr og elitesymbolet framfor alle – den nye lette hestevogna med to hjul, kvart med 4 eller fleire eiker. Denne innovasjonen spreidde seg over eit område, og med eit tempo som vitnar om kulturhistoriske prosessar verda aldri før hadde sett. Stridsvogna vart teken i bruk frå Egypt til Kina, som helleristningsmotiv frå Aserbadjan til Askvoll i Norge. Konteksten vogna vart sett inn i kan delast i tre: Ei kjernesone der den eigentlege stridsvogna vart nytta i krig, mest truleg i Midt-Austen, Anatolia og Egypt. Nord- og vestanfor denne kjernesona finn ein ei sone der vognkonstruksjonen heilt klårt var funksjonell, men ikkje brukt i strid – truleg heller ritualiserte former for opptog, jakt og kappløp. Utanfor denne att, kan ein rekne ei perifer sone der vogna eksisterte fyrst og fremst som ein idé, eit symbol – manifestert som todimensjonal attgjeving eller miniatyrar i keramikk og bronse.

Sjølv om vogna gjekk inn i eit mangfald av kontekstar, må det kunne seiast at alle representasjonar av stridsvogna kan sporast attende til ein komplisert teknologisk innovasjon, gjort i eit snevert geografisk område omlag 2000 f.Kr. Korleis spreidde dette symbolet seg - frå slagmarka i Anatolia til svaberget i Askvoll? Dette er spørsmål arkeologien i større og større grad er oppteken av. Etnografiske studiar av menneska si oppfatting av geografisk avstand, reising og eksotiske material og symbol, og korleis desse fenomena kan fungere i politiske prosessar, er dregne inn i den arkeologiske debatten.

Den nordiske eliten – skipet, krumsverdet og vogna
Den nordiske eliten ser såleis ut til å ha omgitt seg med ein del symbol med utspring i det Austre Middelhavet. Likevel, det var verken krumsverdet eller vogna som skulle dominere det ideologisk/religiøse uttrykket til eliten i nord. Det var skipet som tok denne rolla – som gravform, som ristning på berg, som dekormotiv i gravkister og ornamentikk på rakeknivar i bronse. Det materielle uttrykket varierar, men skipet er det gjennomgåande motivet frå byrjinga til slutten av bronsealderen. Om framvekst og konsolidering av ein elite føregjekk i denne perioden, må skipet stå som karakteristika (saman med sjølve metallet) for både perioden og eliten. Dynamikken mellom ulike framande symbol og det særnordiske skipssymbolet må ha vore verknadsfullt. Skipet var sjølve grunnlaget for eliten sin oversjøiske kontakt. Gjennom å knyte eit ideologisk band til ”den andre sida” gjennom symbolbruk og ritual, kan eliten ha hevda seg som annleis og heva over andre. Personane som vende heim frå sin oversjøiske ekspedisjon rundt 1600 f.Kr., gjorde dette ved å støype eit hettitisk kongesymbol (krumsverdet) med ein nordisk skipsfigur på klinga. Både kunnskapen som var oppnådd (om høgkulturane langt i sør) og sjølve dåden (den farlege reisa over Baltikum og langs Oderelva) vart såleis synleggjort i blank og kostbar bronse.

Reisa og kontakt med det som er utanfor, bortanfor og på den andre sida, har i før-industrielle samfunn ofte ideologiske og religiøse overtonar med potensiale til å skape ein sosial, vertikal distinksjon – mellom dei som har sett, som veit og er tilknytt, det som ligg bortanfor, og dei utan desse evnene og røynslene. Bronsen skapte kanalar for kunnskap – og på mange måtar opnare samfunn enn tidlegare. Eliten vaks fram gjennom intensiv bruk av desse nye kanalane – også for å skape seg eit lokalt maktfundament.

Den einskilde, storslegne hendinga eller gjerninga – som skildra i Gilgamesheposet – vil i eit skriftlaust samfunn setje få arkeologiske spor. At me ikkje klarer å skildre desse dådane tyder ikkje at dei ikkje har hendt – heller ikkje at dei var utan verknad for regional og overregional utvikling.


© viten.com 2002